pil
a
n
n
o
n
s
e
pil
a
n
n
o
n
s
e

Filmbyen.no

norgesverigedanmark

Hank von Helvete som Cornelis Vreeswijk (2)

Turboneger-vokalisten skal spele den kjende visesongaren i ny film.

- Skrevet av 'Filmo' , 16:08 - 17.12.2009 Skriv ut denne saken Abonner på nyheter Del på Facebook Del på Nettby

Svenskane skal lage ein biografifilmen om ein av dei største musikarane deira; nemleg Cornelis Vreeswijk. Som hovudrolleinnehavar har valet overraskande falli på Hank von Helvete, frontfiguren i Turboneger.

Regissøren av den kommande biografifilmen er Amir Chamdin, som tidlegare har stått bak det romantiske dramaet ”Om Gud vill”. I tillegg til å ha regissert musikkvideoar og reklamefilmar, er han vokalist i hip-hopbandet Infinite Mass.

Cornelis Vreeswijk (1937-1987) er blant dei største svenske artistane nokosinne. Dei fyrste åra av oppveksten budde han i Nederland, men familien flytta til Sverige da han var rundt 10 år gammal. Han slo gjennom som musikar på 60-talet, og har sia vorti kjend for songar som ”Somliga går med trasiga skor”, ”Turistens klagan”, ”Brev från kolonien” og ”Balladen om herr Fredrik Åkare och den söta fröken Cecilia Lind” (somme songar var omsetne frå andre språk). Generelt er tekstane til Vreeswijk meir humoristiske og sarkastiske enn songane som t.d. Björn Afzelius og Mikael Wiehe skreiv. Vreeswijk henta inspirasjon frå blant andre Carl Michael Bellman, Evert Taube, blues og søramerikansk musikk. Han spelte også i fleire filmar, blant anna i ”Ingenjör Andrées luftfärd” (1982) av Jan Troell.

Hank von Helvete (eigentleg: Hans-Erik Dyvik Husby) er som nemnd frontfiguren i det norske hardrock-bandet Turboneger. Han har også prøvd seg som skodespelar tidlegare, for i haust spelte han Frelsaren sjølv i oppsetjinga av ”Jesus Christ Superstar” på Det Norske Teatret i Oslo.

Arbeidstittelen til den kommande Vreeswijk-filmen er ”Medborgare, god afton!”. Innspelinga startar våren 2010, og premiera er førebels lagt til 12. november 2010.

Tips en venn:
#1 Magnus 'Nibbler' Larsen, 17/12.2009 - 19:43
popcornpopcornpopcornpopcornpopcornpopcorn
King Kong
Spennende, men usikker på Hertis' skuespillerevner, og denne Amir Chamdin har jeg aldri hørt om.
#2 Guido 'Outze' Godard, 18/12.2009 - 20:52
popcornpopcornpopcornpopcornpopcornpopcorn
Raider of the Last Popcornbøtte
Høres forferdelig ut... Hank har blitt en kjedelig, kvasireligiøs kvakksalver uansett, så noe tro på eller respekt for ham finnes ikke hos meg.
 
 
© 2004-2009, Filmbyen
rssRSS Feeds sitemapInnhold A-Å
Ansvarlig redaktør: Knut Karlsen
Filmbyen.no
Redaksjon
Ledige stillinger
Kontakt oss
Community
Retningslinjer og regler
Medlemmer
Registrer deg
Tips oss
Utfyllingsskjema
E-post: Tips@filmbyen.no
Annonse
Informasjon
Kontaktperson: Joacim Lunde