|
Nedteljinga til Berlin-festivalen er i gang. I går vart sju av dei 26 filmane i det offentlege programmet offentleggjorte, og blant dei nominerte er ”The Ghost Writer” av Roman Polanski og ”Shutter Island” av Martin Scorsese. Sistnemnde er ikkje med i hovudkonkurransen.
Festivalen startar 11. februar og varar til og med 21. februar. Dette er den 60. festivalen i rekkja. Her er lista over dei sju filmane som allereie er plukka ut:
Bal (Honey) Tyrkia/Tyskland Regi: Semih Kaplanoglu Med: Bora Altas, Erdal Besikcioglu, Tülin Özen, Alev Ucarer, Ayse Altay Verdspremiere Der Räuber (The Robber) Austerrike/Tyskland Regi: Benjamin Heisenberg Med: Andreas Lust, Franziska Weisz Verdspremiere My Name Is Khan India Regi: Karan Johar Med: Shah Rukh Khan, Kajol Utanfor konkurransen Na Putu (On the Path) Bosnia-Herzegovina/Austerrike/Tyskland/Kroatia Regi: Jasmila Zbanic Med: Zrinka Cvitesic, Leon Lucev, Ermin Bravo, Mirjana Karanovic Verdspremiere Shekarchi (The Hunter) Tyskland/Iran Regi: Rafi Pitts (Zemestan - It's Winter) Med: Rafi Pitts, Mitra Hajjar, Ali Nicksaulat, Hassan Ghalenoi Verdspremiere Shutter Island USA Regi: Martin Scorsese Med: Leonardo DiCaprio, Mark Ruffalo, Sir Ben Kingsley, Michelle Williams, Patricia Clarkson, Max von Sydow Verdspremiere/Utanfor konkurransen The Ghost Writer Frankrike/Tyskland/England Regi: Roman Polanski Med: Ewan McGregor, Pierce Brosnan, Kim Cattrall, Olivia Williams Verdspremiere
|