|
I går vart European Film Awards delt ut for tjueandre gong. Dette er det nærmaste ein kan komme ein europeisk Oscar-pris. Utdelinga fann stad i byen Bochum vest i Tyskland.
Regissøren som kan smile breiast etter prisdrysset, er Michael Haneke. Den nyaste filmen hans, ”Das weisse Band”, vann prisane for beste film, beste regi og beste manus. Filmen handlar om fascismen sitt utspring, presentert gjennom ein skule i eit protestantisk landsbysamfunn i Nord-Tyskland anno 1914. Haneke er allereie svært vant til å vinne prisar. Dette er den andre gongen han vinn European Film Awards for beste film; den fyrste gongen var i 2005 med spenningsfilmen ”Caché”. I år vann han Gullpalmen under Cannes-festivalen.
Ingen heilnorske filmar var nominert, men den skandinaviske samproduksjonen ”Burma VJ: Reporter i et lukket land” hadde sjansen til å stikke av med prisen for beste dokumentar. Slik gjekk det ikkje, for prisen hamna hjå den sveitsiske dokumentaren ”The Sound of Insects: Record of a Mummy” i staden.
Den franske skodespelaren Isabelle Huppert og den britiske regissøren Ken Loach fekk kvar sin heiderspris.
Her er alle vinnarane (utheva), saman med dei andre nominerte filmane:
Beste europeiske film Fish Tank – Storbritannia – regi: Andrea Arnold Låt den rätte komma in – Sverige – regi: Tomas Alfredson Un prophète – Frankrike – Jacques Audiard The Reader – Tyskland – regi: Stephen Daldry Slumdog Millionaire – Storbritannia – regi: Danny Boyle Das weisse Band – Tyskland/Austerrike – regi: Michael Haneke
Bste europeiske regissør Pedro Almodóvar for Los abrazos rotos Andrea Arnold for Fish Tank Jacques Audiard for Un prophète Danny Boyle for Slumdog Millionaire Michael Haneke for Das weisse Band Lars von Trier for Antichrist
Beste europeiske mannlege skodespelar Moritz Bleibtreu i Der Baader Meinhof Komplex Steve Evets i Looking for Eric David Kross i The Reader Dev Patel i Slumdog Millionaire Tahar Rahim i Un prophète Filippo Timi i Vincere
Beste europeiske kvinnelege skodespelar Penélope Cruz i Los abrazos rotos Charlotte Gainsbourg i Antichrist Katie Jarvis i Fish Tank Yolande Moreau i Séraphine Noomi Rapace i Män som hatar kvinnor Kate Winslet i The Reader
Beste europeiske manusforfattar Jacques Audiard & Thomas Bidegain for Un prophète Simon Beaufoy for Slumdog Millionaire Gianni di Gregorio for Pranzo di ferragosto Michael Haneke for Das weisse Band
Beste europeiske fotograf Christian Berger for Das weisse Band Anthony Dod Mantle for Antichrist & Slumdog Millionaire Maxim Drozdov & Alisher Khamidkhodzhaev for Bumazhnyy soldat Stéphane Fontaine for Un prophète
Prix d’excellence Francesca Calvelli for klippinga i Vincere Catherine Leterrier for kostyma i Coco avant Chanel Waldemar Pokromski for sminke og frisyre i Der Baader Meinhof Komplex Brigitte Taillandier, Francis Wargnier, Jean-Paul Hurier & Marc Doisne for ljoden i Un prophète
Beste europeiske komponist Alexandre Desplat for Coco avant Chanel Jakob Groth for Män som hatar kvinnor Alberto Iglesias for Los abrazos rotos Johan Söderqvist for Låt den rätte komma in
Beste animerte film Mia et le Migou - Jacques-Rémy Girerd Niko - Lentäjän poika - Kari Juusonen & Michael Hegner The Secret of Kells - Tomm Moore
Beste dokumentar Below Sea Level - Gianfranco Rosi Burma VJ: Reporter i et lukket land - Anders Østergaard Cooking History - Péter Kerekes Das Herz von Jenin - Leon Geller & Marcus Vetter Die Frau mit den 5 Elefanten - Vadim Jendreyko Hashmatsa - Yoav Shamir Les damnés de la mer - Jawad Rhalib Les plages d'Agnès - Agnès Varda Pianomania - Lilian Franck; Robert Cibis The Sound of Insects: Record of a Mummy - Peter Liechti
Beste kortfilm 14 - Asitha Ameresekere Between Dreams - Iris Olsson Bonne nuit - Valéry Rosier Die Leiden des Herrn Karpf - Lola Randl Lägg M för mord - Magnus Holmgren Peter in Radioland - Johanna Wagner Poste restante - Marcel Lozinski Renovare - Paul Negoescu Sinner - Meni Philip Szklana pulapka - Pawel Ferdek The Herd - Ken Wardrop Was bleibt - David Nawrath Zwemles - Danny De Vent
Årets debutregissør Scandar Copti & Yaron Shani for Ajami George Ovashvili for Gagma napiri Peter Strickland for Katalin Varga Juliette Garcias for Sois sage Özcan Alper for Sonbahar
Publikumsprisen Coco avant Chanel - Anne Fontaine Der Baader Meinhof Komplex - Uli Edel Fly Me to the Moon - Ben Stassen Los abrazos rotos - Pedro Almodóvar Låt den rätte komma in - Tomas Alfredson Män som hatar kvinnor - Niels Arden Oplev Pranzo di ferragosto - Gianni di Gregorio Slumdog Millionaire - Danny Boyle The Duchess - Saul Dibb Transporter 3 - Olivier Megaton Heiderspris: Isabelle Huppert
Heiderspris frå det europeiske filmakademiet: Ken Loach Europeisk samproduksjonspris: Diana Elbaum og Jani Thiltges Kritikarprisen (FIPRESCI-prisen): Andrzej Wajda for Sweet Rush
|