pil
a
n
n
o
n
s
e
pil
a
n
n
o
n
s
e

Filmbyen.no

norgesverigedanmark

Steve McQueen lagar Fela Kuti-film (0)

Regissøren bak ”Hunger” skal portrettere livet til nigeriansk musikar.

- Skrevet av 'Filmo' , 22:13 - 09.12.2009 Skriv ut denne saken Abonner på nyheter Del på Facebook Del på Nettby

Den britiske kunstnaren og filmregissøren Steve McQueen skal lage ein biografifilm om den nigerianske musikaren, opprøraren og sosialisten Fela Kuti. Tittelen på prosjektet er førebels ganske enkelt ”Fela”.


Filmen skal basere seg på biografien ”Fela: The Life and Times of an African Musical Icon”, skriven av Michael Veal, som også skal forfatte manuskriptet saman med McQueen.


Fela Kuti vart fødd i 1938. At han ville satse på musikk framom ei akademisk utdanning, var ikkje særleg populært heime hjå familien. Under ein USA-turne på slutten av 60-talet, vart han kjend med ei marxistisk borgarrettsrørsle, som påverka honom politisk. Heime i Nigeria vart han ein kontroversiell opprørar, der han gav ut fleire titals album som kritiserte dei nigerianske styresmaktene. Han vart arrestert i 1984, og slapp ut etter 20 månader. I 1997 døydde den populære musikaren av ein aids-relatert sjukdom.


Steve McQueen (som ikkje har noko å gjere med Hollywood-skodespelaren med same namn) har ein lang karriere med å lage videoinstallasjonar. I 2008 debuterte han som spelefilmregissør med den oppskakande og kvalmande fengselsfilmen ”Hunger”, som handlar om sveltestreiken til IRA-aktivisten Bobby Sand. Filmen vann mange prisar over heile verda og vart ein snakkis under Cannes-festivalen. Mange meinte at dette var ein av dei mest lovande debutfilmane frå dei britiske øyane på lang tid.


James Schamus, kjend for samarbeidet med Ang Lee, skal produsere filmen. Hans seier at Fela Kuti kanskje er ”the most globally influential pop artist outside the Beatles in the last 50 years”.

Tips en venn:
 
 
© 2004-2009, Filmbyen
rssRSS Feeds sitemapInnhold A-Å
Ansvarlig redaktør: Knut Karlsen
Filmbyen.no
Redaksjon
Ledige stillinger
Kontakt oss
Community
Retningslinjer og regler
Medlemmer
Registrer deg
Tips oss
Utfyllingsskjema
E-post: Tips@filmbyen.no
Annonse
Informasjon
Kontaktperson: Joacim Lunde