pil
a
n
n
o
n
s
e
pil
a
n
n
o
n
s
e

Filmbyen.no

norgesverigedanmark

Fokus: Dusan Makavejev (1)

Politikk og seksuell fridom heng nøye saman.

- Skrevet av 'Filmo' , 16:23 - 08.03.2010 Skriv ut denne saken Abonner på nyheter Del på Facebook Del på Nettby

Det finst ingen regissørar som liknar på Dusan Makavejev. Fyren ser ut til å vere sprøyte galen, men eigentleg er han ein gluping som ser på verda med litt andre auge enn kva andre gjer. Han sjokkerte samtida si med filmar som framleis sjokkerer i dag. ”W.R. - Misterije organizma” (1971) og ”Sweet Movie” (1974) er dei mest kjende verka hans, og begge vart klipte i fillebitar av sensuren over store delar av verda. Likevel (eller kanskje på grunn av dette) vert han rekna som ein av dei viktigaste filmskaparane i Jugoslavia etter andre verdskrig.


Dusan Makavejev vart fødd i 1932 i Beograd, som var hovudstaden i Jugoslavia på den tida. Allereie som bitte liten unge vart Makavejev interessert i film, og det skal me takke ”Snow White and the Seven Dwarfs” og Katten Felix for. Men barndommen hans var prega av mykje meir enn berre amerikanske teiknefilmar. Under andre verdskrig opplevde han nemleg nazismen på nært hald, og han fekk kjennskap til korleis eit totalitære regime utøvde makta si. Dette skulle verte eit gjennomgåande tema i filmane hans.


Covek nije tica

Som psykologistudent på byrjinga av 50-talet, fekk Makavejev auga opp for kjende psykologer som Sigmund Freud, Erich Fromm og Wilhelm Reich. Dette skulle også vere med på å forme filmkarrieren åt Makavejev. Ved sia av studia, byrja han å lage kortfilmar, men den fyrste spelefilmen kom ikkje før i 1965: ”Covek nije tica” (”Mennesket er ingen fugl”). Filmen handlar om ein flittig fabrikkarbeidar i Serbia som forelskar seg i ein frisør. Her blandar Makavejev fiksjon og dokumentar om kvarandre og pyntar verket med ideologikritikk og seksuelle undertonar. Alt dette går som ein raud tråd gjennom heile filmografien hans.


Nevinost bez zastite


Etter eit par nye filmar, deriblant Sølvbjørnen-vinnaren ”Nevinost bez zastite” (”Innocence Unprotected”, 1968), kom den internasjonale gjennombrotsfilmen i 1971. Med ”W.R. - Misterije organizma” (”W.R. - Organismens mysterier”) tøygde han grenser for kva som er akseptabelt å vise på film og nådde toppen av karrieren sin. Filmen tek utgangspunkt i ideane som den radikale psykoanalytikaren Wilhelm Reich utvikla. Han meinte at seksuelle drifter ikkje får lov til å utfolde seg naturleg i samfunnet, og at mennesket vert fysisk øydelagt og politisk slavebunden på grunn av dette. Makavejev nytta desse ideane til å lage ein lappeteppefilm som er delvis ein dokumentar og delvis ein fiksjonsfilm.

I ”W.R. - Misterije organizma” følgjer me mange ulike parallellhandlingar. Den eine er ein rein dokumentar om Reich og teoriane hans. Ei anna historie tek føre seg ei fiksjonsforteljing om ei jugoslavisk arbeidarklassekvinne som forførar ein sleip russisk kommunist. Transvestitten Jackie Curtis, kjend frå eit par Morrissey & Warhol-filmar, opptrer i ein annan episode. Me får også sjå The Fugs-vokalisten Tuli Kupferberg springe rundt i gatene i New York med leikevåpen som han peiker mot tilfeldige forbipasserande; ein sekvens som hånar USA-imperialismen så det står etter! Innimellom alt dette virvaret har Makavejev klipt inn arkivopptak frå ein gammal Stalin-film, akkompagnert av ein kjend nazivals for å understreke at Sovjetunionen og Nazi-Tyskland eigentleg er to sider av same sak.


W.R. - Misterije organizma
Mykje av merksemda Makavejev fekk for ”WR”, var relatert til dei eksplisitte sexscenene. Nærbilete av erigerte penisar var sterk kost for mange – også for oss nordmenn. Sensuren i Noreg klistra på ein svart sladd før filmen fekk kinopremiere. Og Noreg var så visst ikkje eineståande. Filmen vart til og med forboden i fleire land, blant anna i heimlandet Jugoslavia, der Makavejev måtte tole store konsekvensar for filmen. Ikkje nok med at dei jugoslaviske styresmaktene nekta honom å lage fleire filmar; dei kasta honom til og med or landet!

Men det var tross alt mange som likte filmen òg. Ein av dei heitte Francis Ford Coppola. Han ville at Makavejev skulle regissere ”Apocalypse Now”, men fekk avslag frå den kontroversielle serbaren fordi han heller ville lage ein annan film: ”Sweet Movie”.


Sweet Movie
”Sweet Movie” vart produsert mens Makavejev var i eksil i Canada. Fleire produsentar gav stønader til prosjektet, deriblant Sveriges Radio. Resultatet vart ein av dei mest sjokkerande og kontroversielle filmane som nokon gong har sett dagsljos. ”Sweet Movie” kan på overflata verke som ein pervers sexkomedie, men det er heller ikkje vanskeleg å oppdage den politiske allegorien som ligg i botn om ein har auga med seg.

Filmen fortel to parallelle historier om to kvinner. Den eine kvinna bur om bord på ein båt som er forma som andletet åt Karl Marx. Ho forfører dumme mannfolk og små gutungar med sex og godteri. I den andre historia møter me Miss Canada som vinn ein missekonkurranse og vert gifta bort til den rikaste ungkaren i verda – ein amerikanar med gullpenis. Gjennom desse to parallellhandlingane kommenterer Makavejev det kommunistiske aust og det kapitalistiske vest; og den enorme avskyen han har til begge ideologiane er svært tydeleg.


Sweet Movie
Ideane åt Wilhelm Reich er synlege i ”Sweet Movie” også – spesielt i siste halvdel. Miss Canada hamnar hjå eit anarkistisk kunstnarkollektiv som utøvar ein ekstrem form for infantilisme. Denne sekvensen inneheld blant anna ei middagsscene med eksplisitte skildringar av folk som spyr og urinerer på kvarandre. Makavejev retter fokuset mot naturlege og kroppslege funksjonar som me normalt opplever som motbydelege og bortimot unaturlege i kulturen vår. Ein kan spekulere kva han ynskjer å oppnå med denne svært sterke scena, men ein kan slå fast at han korkje er ute etter å fordømme eller romantisere desse handlingane, men heller å skildre dei som vanlege eigenskapar som menneskekroppen har.

Men dei sterkaste scenene i ”Sweet Movie” inneheld korkje avføring eller kjønnsorgan i rørsle. I to ulike sekvensar viser Makavejev fram gamle arkivopptak som er langt meir oppskakande enn kva ein fiksjonsfilm kan by på. I den eine sekvensen får me sjå tyske Wehrmacht-soldatar som grev opp lika i massegravene i Katyn-skogen. Det andre arkivopptaket viser mishandling av spedbarn, såkalla babygymnastikk. Katyn-sekvensen viser fram det kommunistiske Sovjet på sitt gruvsamaste, medan babygymnastikken formidlar at den ekstreme infantilismen nemnt i førre avsnitt er ganske harmlaus og uskuldig i forhold til dette.


Manifesto
”Sweet Movie” er det dyraste prosjektet Makavejev har stått bak, men både publikum og kritikarane svikta. Den neste filmen hans vart derimot ein kommersiell suksess. ”Montenegro” (1981) vart produsert i Sverige med Susan Anspach, Erland Josephson og Per Oscarsson i hovudrollene. Anspach speler ei tilsynelatande alminneleg tobarnsmor som plutseleg flyktar frå heimen sin og slår lag med ein gjeng sigøynarar som driv ein merkeleg klubb, der fri kjærleik, stripping og slåstkampar med spade står på timeplanen. Denne svarte komedien er ikkje på langt nær like kontroversiell som ”WR” og ”Sweet Movie”, og kanskje dette var ein av årsakene til at filmen vart den mest innbringande filmen som Makavejev har laga.

Dei neste filmane var også veldig konvensjonelle, i alle fall viss ein samanliknar dei med 70-talsfilmane hans. I ”The Coca-Cola Kid” (1985) speler Eric Roberts ein Coca-Cola-ekspert som skal avsløre kvifor folk på den australske landsbygda ikkje drikk den svarte sukkerdrikken. Parallellane mellom Coca-Cola Company og USA er ikkje til å unngå, og dette er filmen der Makavejev fekk formidla sitt kritiske syn på USA-imperialismen til størst publikum.

Det same året som den humoristiske periodefilmen ”Manifesto” (1988), basert på novella ”For a Night of Love” av naturalisten over alle naturalistar, Émile Zola, hadde premiere, fekk Makavejev endeleg komme heim att til Jugoslavia etter eksilen som følgde kontroversane rundt ”WR”. Sia den gongen har han regissert tri mindre kjende 90-talsfilmar, der me kjenner att den gamle, sprøe og kreative Makavejev slik me hugsar honom frå 60- og 70-talet. I dei siste 14 åra har det vori blikstille frå honom på regissørfronten.


Dusan Makavejev
Ein kan få meine kva ein vil om Dusan Makavejev. Han har ofte vorti kritisert for å gå unaudsynt langt i dei mest ekstreme scenene og at han har mistolka teoriane åt Wilhelm Reich. Når Makavejev kastar avføring og oppkast rett i fleisen på oss, er det kanskje grenser for kor mykje det har med Reich å gjere. Men ein kan heller ikkje nekte for at filmspråket åt Makavejev er i særklasse og at fyren har hatt ein enorm påverknad over heile verda i samtida si. Eg trur ikkje den kalde krigen har vori den same utan honom.

Tips en venn:
#1 'keysersoze' , 09/03.2010 - 19:08
popcornpopcornpopcornpopcornpopcornpopcorn
Raider of the Last Popcornbøtte
Interessant lesning dette her! Har selv sett både W.R. og Sweet Movie, og de er opplevelser utenom det vanlige, for å si det sånn....
 
 
© 2004-2009, Filmbyen
rssRSS Feeds sitemapInnhold A-Å
Ansvarlig redaktør: Knut Karlsen
Filmbyen.no
Redaksjon
Ledige stillinger
Kontakt oss
Community
Retningslinjer og regler
Medlemmer
Registrer deg
Tips oss
Utfyllingsskjema
E-post: Tips@filmbyen.no
Annonse
Informasjon
Kontaktperson: Joacim Lunde